|
Årsmøte i Sogn og Fjordane Schæferhundklubb 25.Januar Klokka 19.00
7 medlemmar møtte, derav 1 medlem ikkje var i styret.
Leiar opna møtet, og ynskte velkommen.
· Godkjenning av innkalling Ingen kommentar
· Val av møteleiar, referent og 2 stk til å skrive under i møteboka, og teljemenn.
Møteleiar: Jan Inge Skjerven Referent: Anette Olin Aamot Underskrivarar og Teljemenn: Frode Trælnes og Agnar Storbakk
· Gjennomgåing av årsmeldingane Ingen kommentarar til dei forskjellige årsmeldingane.
· Rekneskap 2007 Fekk utlevert rekneskapet på papir frå kasserar. Rekneskapet er godkjent, men med merknadar. Det er to billag som manglar, men kasserar har betalt dei, og alt er i orden.
· Forslag til endringar av statuttar
Det vart lagt fram endringar av statuttar, og alle på møtet var enige i endringane.
Endringane som er blitt godtatt på årsmøtet er:
1. Oppdrettar beste Kvelp/Hund på NKK (cert) utstillinga. Oppdrettet har hovudadresse i Sogn og Fjordane. Vaksen hund kan berre vinne 1 gang. Ved lik premiering går avlsgodkjent/kåra hund framom, viss framleis likt, eldre hund framom yngre hund. Tillegg: Må vinnast 3 gongar før den går til odel å eie. 2. Eigar beste kvelp/hund Hund og eigar må bu i avd Sogn og Fjordane. (dvs at hunden må stå reg. med hovudadressa i avd Sogn og Fjordane) Hund over 24 mnd må være minimum avlsgodkjent.
3. Allsidighetshunden Bør delta på det meste av avd Sogn og Fjordane sine arrangement, med ok resultat, dvs at styret må avgjere kvar gong.
4. Bragdhunden/Styrets ærespris bør kanskje strykast, sia det ikkje er nokre statuttar for denne.
Leiar og Kasserar må framskaffe 2 nye premiar, pga 2 vandrepremiar som ikkje er komt til rette.
· Innkomne saker
Eit medlem tar opp sak ang hundar som har svak hd, og vil få denne saka opp, og fram i lyset. Medlemmet vil helst at hundar som har svak hd ikkje får komme i øvste avlsklasse. Ein av grunnane til at medlemmet er imot at dette skjer, er fordi hundar med tannfeil går ned i avlsklasse, men hundar med hd slepp. Medlemmet skal formulere eit brev som skal sendast inn til Rep.møtet, der det kjem fram av brevet at hundar med svak hd ikkje skal få være med i toppsjiktet i avlsklasse 1 .
Det vart stemt 3 imot og 4 med på å sende inn dette brevet til Rep.møtet.
Saka vart også godkjent av styret.
· Premieutdeling! Oppdrettar beste hund: Kennel klokkarsteinen m/ Klokkarsteinens Xtra
Oppdrettar beste kvalp: Ikkje utlevert
PGP Vandrepremie: Veemtroppens Irma
Årets mestvinnande hund på utstilling: Ingodds Krezzpo v/Randi Berge
HS Ærespris på utstilling: Veemtroppens Irma
LP: Vibeke Kildal m/ Eilita Femme av Hammermarken
Bruks/ Skyts: Ingen premie
Eigar beste hund: Jan Inge Skjerven
Eigar beste kvalp: Inger Helen Einemo Kvamsdal
· Val 2008
Leiar: Jan Inge Skjerven Nestleder: Frode Trælnes Sekretær :Frode Fuglestrand Kasserar: Anne- Brit Balevik Styremedlem: Geir Fonn 1.vara: Nathalie Hauglund 2.vara: Anette Olin Aamot
Valkomite: Kjetil Haug og Anette Olin Aamot Brukskomite: Frode Fuglestrand (leiar) og Jon berg Utstillingsleiar: Nathalie Hauglund RIK-ansvarlig: Frode Fuglestrand Avlskontakt: Jan Inge Skjerven og Frode Trælnes Medlemsblad Potetrykk: Anne Britt Skjerven og Anne-Brit Balevik Web-master: Anne Britt Skjerven Revisorar: Ingunn Balevik og Ole Jonny Marifjæren
Utsending til Rep.møtet: Jan Inge Skjerven Vara: Anne-Brit Balevik
Møte avslutta klokka 21.10.
Anette Olin Aamot Frode Trælnes Agnar Storbakk
|
|
Styremøte 25.01.08 Kl.18.00
Oppmøtte: Jan Inge Skjerven, Frode Trælnes, Frode Fuglestrand, Anne-Brit Balevik, Geir Fonn og Anette Olin Aamot.
1. Frode F kjøper ny styremøtebok, og Anne-Brit skal teipe og ordne den gamle etter beste evne.
2. Pr i dag er det 43 medlemmer i Sogn og Fjordane Schæferhundklubb. Litt tull med fakturaer frå NKK, så blir nok litt forandringer i antallet.
3. Utdeling av premier på årsmøtet:
Oppdrettar beste hund: Kennel klokkarsteinen m/ Klokkarsteinens Xtra
Oppdrettar beste kvalp: Ikkje utlevert
PGP Vandrepremie: Veemtroppens Irma
Årets mestvinnande hund på utstilling: Ingodds Krezzpo v/Randi Berge
HS Ærespris på utstilling: Veemtroppens Irma
LP: Vibeke Kildal m/ Eilita Femme av Hammermarken
Bruks/ Skyts: Ingen premie
Eigar beste hund: Jan Inge Skjerven
Eigar beste kvalp: Inger Helen Einemo Kvamsdal
4. RIK GRUNNKURS I FØRDE 11,12 OG 13 APRIL! Frode F må snakke med Arvid Hagen og spørje om det kan bli holdt grunnkurs og treningshelg ilag denne helga, for å samle mest mulig folk, og rett å slett for at fleire skal få innblikk i korleis RIK fungerar.
5. Rolf Evensen har takka ja til å dømme alt i helga den 19 og 20 April.
6. Frode F må få laga til ei skikkeleg mannskapsliste og utstyrsliste i god tid før den helga 19 og 20 April. Slik at vi har både alt av utstyr og mannskap når det begynner å nærme seg.
7. Kasserar tok opp ang rekneskap 2007. Rekneskapet er blitt godkjent, men har fått 2 merknader. Merknadane var at det mangla to billag for ting som var blitt betalt ut.
Kasserar legg fram at ho kjem frå og med no, til ikkje å betale ut ei einaste krone før billaga er komt ho i hende, og dette vart også vedtatt av alle i styret.
8.Frode F er på planleggingsstadiet til å få arrangert ei treningshelg, så det er berre på vente på den spennande datoen for dette.
8. Leiar tar opp sak ang styremøter. Han vil ha eit fastare skjema for møter.
Det vart bestemt at Første søndag i månaden, annankvar månad blir det telefonmøte for styret.
Det blir holdt medlemsmøte rundt med aktivitetane, og arrangementa.
Møte avslutta klokka 18.57
Anette Olin Aamot Referent
|