Medlemsmøte/Treningstreff.

 

Avdelinga ønskjer å invitere til små treningstreff i mai og juni.  Men kva kveldar/dagar passar best?  Gje gjerne ein tilbakemelding om kva du ønskjer.  Har du ein flott treningsplass i nærleiken av der du bur, så ta kontakt med Anne-Brit tlf. 99 22 72 40 eller send ein mail.
Kva tid er best?
Fredags ettermiddagar t.d kl. 16/17-21?
Laurdagar td. kl 11.-15/16?
Søndagar td. kl 11.-15/16?

 

Dersom du kan sjå i kalendaren, og gje med nokre datoar der det passar deg, så er det supert.
Tenkjer at vi bør plassere treningar i Lærdal/Årdal, Kaupanger, Kvamsøy, Førde og kanskje ein annan stad om det er nokre medlem som har ein fin plass å tilby.
 
Trening: 
- Mot ferdselsprøva - forklare bane, gå det oppsette programmet heilt eller oppdelt.
- Handlar trening, gode råd til ukyndige og litt øving på tillaga ring.
- Spor?
 
Medlemsmøte innimellom/etter treninga.
 
Anne-Brit Balevik

 

Medlemssamling i Kvamsøy 15.september.

Vi skulle møtast for første gong i Kvamsøy. -Spennande kor mange som ville kome.  Vi vart 4 personar, og 6 hundar vart trena.  Spor, lydighet og bitearbeid. Ingunn med X-shana, Frode med Cana og Rolf, så Ken Egil då som trena med to flotte rottisar.  Anne-Brit m/Cita prøvde seg i avdelinga sin uoffisielle lydnadsklasse x.  Poenga vart 5- 7- 10- 9,5- 9- 9- 0- 8- 8- ganga ut vart det 125 poeng.  Sjå Potetrykk nr.3/07 side 13 for innhald i klasse x.  Der står óg innhaldet og poenga til appellmerket.  Det er ikkje farleg å prøve seg, så bli med neste gong.

Vi hadde matpause i kaffistova på Naustvoll Gard, og hadde ein lang treningsdag, frå kl.12 til 19.  Opplegget var heilt greit og det kjem til å bli ein treningsdag til i Kvamsøy dette året, om du vil vere med- følg med på nettet.

Elles kan det vere treningsdagar andre stader.  Viss du ordnar med plass for å trene, og de veit at de er minimum 3 personar som vil trene nokre timar, så ta kontakt med styret.