Ferdselsprøve og Uthaldsprøve i Førde 2. og 3 juni 2007
 
For første gong vart det arrangert FP og UHP i avd. Sogn og Fjordane.
Trygve Kroken kom frå Vågå for å dømme,og Frode Fuglestrand var prøveleiar.
4 ekvipasjar skulle opp til FP.
Vibeke Kildal m/ EiLita Femme av Hammermarken
Nathalie Hauglund m/ Ingodds Leez
Nils Birger Nesse m/
Anne-Brit Balevik m/ Brandfjellets Cita
Alle var like spente, det var like nytt for alle og alle klarte det.  Flott!!
 
På UHP var det 5 ekvipasjar som starta.  Det var varmt, men innan grensa.  Syklinga føregjekk på gangveg, der hunden kunne springe på gras. 
På denne prøva var det berre 2 som fullførte.  To vart stoppa fordi hundane ikkje disponerte kreftene sine, dei vart utslitt for tidleg, ein var stoppa pga. såre potar.  Men dei har god tid til å prøve seg att, det var unge hundar. 
Dei som fekk godkjent UHP var:
Frode Trælnes m/ Ingodds Leez
Anne-Brit Balevik m/ Brandfjellets Cita
 
Sidan vi hadde prøvene på to dagar, var det god tid til prating.  Vi sat på kro i mange timar, og prata om ferdselsprøve, mentaltestar og mykje anna interessant.  Det er veldig kjekt med slike uformelle diskusjonar.  Takka vere Trygve Kroken som har lang erfaring i å dømme og vurdere hundar.  For oss er det lærerikt med historiar, tankar og innspel utanfrå.
Vi kjem nok til å arrangere FP og UHP fleire gonger, så du må berre trene!  Spør oss om det er noko du lurer på , vi skal svare så godt vi kan.  Så blir du med neste gong....   ABB